tirsdag 20. november 2012

Bokkafé på biblioteket.

Torsdag 22. november kl. 11.30 vil Ragnhild Moen Dahle presentere boka ”Fela læt enno”.
Boka vart i avisa Valdres karakterisert som ”ein juvel av ei bok”.
Boka er ein biografi av felemakar, kunstnar, oppfinnar og idémakar Knut Ø. Rudi (1878 – 1972).
Knut Ø. Rudi opplevde både unionsoppløysinga og to verdskrigar, og noterte ned mykje frå oppvekst og daglegliv. Rudi laga rundt 100 feler og mange langeleikar og munnharper. Han konstruerte også ein strengemaskin som framleis er i bruk, i tillegg til oterfjøla og industrieventyret ”Rudifjøle”.
På bokkaféen vil me også få høyre musikk frå sveivegrammofon, og levande langeleiklæte på original Rudilangeleik ved instrumentmakar Oddrun Hegge.
Servering av kaffi og kaker. Vel møtt!

Arr: Øystre Slidre folkebibliotek og den kulturelle spaserstokken i Øystre Slidre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar