torsdag 11. mars 2010

Spelejentene kom

Forestillinga "Spelejenta" hadde turnèstart på Øystre Slidre Folkebibliotek måndag 8.mars. Ola Terje Hådem las med god innleving og formidling frå Jon Fosse og Øyvind Torseter si nydelege biletbok. Den unge felespelaren Sivert Holmen sette leikne og ettertenksame tonar til lesinga og bileta som dei frammøtte fekk sjå på lerettet.

Fleire av dei frammøtte var sjølve spelejenter. Ungane følgde spent med og det vart ei triveleg stund på biblioteket for barn, foreldre og besteforeldre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar