mandag 1. oktober 2012

For dei minste!


Mari og Magnus flyttar inn av Ruth Lillegraven og Inger Landsem


Søster og bror i realistisk kvardagskaos og flyttemas. Magnus er hovudpersonen i denne boka. Han er strålande fornøygd med sykkelen sin som er blå med støttehjul, men lei seg for alt han ikkje finn i dei halvopna askane. Når Jonas flytter inn i nabohuset og raskt finn tonen med søster Mari, blir alt nokså vanskeleg for Magnus, og i tårer, sinne og trass blir jakta på kosedyret han ikkje finn det aller viktigaste. Teksten er enkel og kort og historia og kjenslene til Magnus blir også fint fortalt gjennom teikningane i boka. 4 – 9 år.

 
Prinsesser og drakar av Christina Björk og Eva Eriksson


Prinsessene i denne boka er små og temmeleg uredde jenter, 7 i talet, ein for kvar dag i veka. Ei er bortskjemd, ei er skiten, ei einsam, ei kjedar seg, ei er sinna, ei kan ikkje lese, og ei er trøytt og uopplagt. Og det er nettopp desse eigenskapane som blir viktige når prinsessene endeleg får møte drakane og få litt spenning i kvardagen. Drakane er sjølvsagt anleis enn ryktet sitt. Under sitt skremmande ytre er dei leikne, finslege, drøymande, søthungrige, lettforelska og småredde. Moderne eventyr og fin til høgtlesing. 5 – 9 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar