mandag 1. oktober 2012

Teo tar sjansen

                                             
Teo tar sjansen av Solveig Blindheim Bendixen


Teo får ikkje leike i fred med klinkekulebana på SFO på grunn av dei store gutane. Tenk om han kunne hatt bana for seg sjølv, på ein hemmeleg stad. Plutseleg går det troll i ord, og alt det hemmelege blir nesten uuthaldeleg spennande. Me får bli med Teo på nokre nervepirrande dagar der både lærarar og elevar leitar etter klinkekulebana. Dette er oppfølgjaren til ”Teo i trøbbel”, og forfattaren greier også her å synleggjera alle dei skjulte spenningsmomenta i skulekvardagen på ein måte som alle kan kjenne seg att i. Også fin til høgtlesing. 7 – 11 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar